Kjære publikum!
Velkommen til festival 5.- 8. juli i Lensvika!
| Siste nytt | 25. juni kl 20:00 - Lagt inn informasjon om buss fra Mølnbukt på laurdag. |
Kibneb-festivalen er som eit omreisande sirkus; vi kjem igjen år etter år og prøver å gje publikum ein augneblink fri frå det kvardagslege og det vande. Vi kjem med nye halsbrekkande nummer, med og utan sikkerhetsline. Vi stuper ut i det ukjende; viser fram nye klovnar, nye trapesartistar som kan ta pusten frå dei fleste.
Eit sirkus skal alltid ha gjenkjennande element som elefantar, sukkerspinn, klovnar med raud nase og alt for store sko, Kibneb-festivalen har også kjende element som Fossajazz, Vaffelkonserten og festkveldar på GRØNN. Så er det opp til publikum å la seg fange med i magien - for ein konsert er alltid unik; slik som ein sommardag, slik som ein vellukka middag, slik som kjærleiken. Det er der og da. Er du der får du det med deg. Det kan ikkje atterkallast, det kan ikkje gjenforteljast. Du må fange noet og bli fanga i sukkerspinnet og la deg sveve med i linedansaren og programselgarane sine melodiar og uttrykk. Gå på konsertar - også dei utan sikkerhetsline! Kanskje treff du noko nytt, ein ny smak, eit nytt krydder, eit nytt c-moment som kan være med deg inn i vinterhalvåret og ligge der som eit minne du kan attkalle når haustkveldane vert lange.
I fjor opna vi festivalen midt på fjorden med to drønnande F-16 som susa over hurtigruta i skimrande sommarver. I år opnar vi i Lensvik kirke; trygt og godt på landjorda. Ein stor konstrast til alle båtane, den store lekteren og den monumentale trondheimsfjorden blir Siri Gjære sin solokonsert i ei stue. Dette gjer vi for å vise at Kibneb-festivalen er og skal vere ein liten festival. Stort mindre enn ei stemme og ein kassegitar kan det vel ikkje bli.
Vi skal i år, som i fjor, vere med emigrantane som streva og lengta på prærien, vi skal danse med vaflar og jamme i kulpen i Ingdalsfossen. Vi skal presentere ein urpremiere for barn; "Mina og Grisefisken" vi skal få grønn blues og på Gnuttu blir det jazz. Og midt i manesjen, midt i sagmuggen mellom spora etter elefantane og sjøløvene står sirkusdirektøren i flosshatt og ropar høgt utan mikrofon: kom på sirkus, direkte från det stora utland presenterar vi i år den virituose sirkusakrobaten Kibneb-festivalen 2006!