Årets program
Torsdag 01. 07. 2010
Kl 14:00 Rasmus & Verdens Beste Band
Brannstasjonen kr. 90,- barn og kr 70,- voksen.
Offisiell opning
Rasmus & Verdens Beste Band vann Spellemannspris i 2008 for barneplata "Kyssing e hæsli". Årets plate inneheld 13 nye songer om fiskebollar i sjokoladesaus, gorillaer på rømmen, husarrest, sila sand og ikkje minst "puppan te pappa". Det blir mykje spas og morro i denne konsert-familie-show-forestillinga. Rasmus & Verdens Beste Band er kjend for å lage snurrig og fengande musikk med både artige og alvorlige tekstar, og dei får ofte høyre at songene fenger både ungar, foreldra deira, samt foreldra til foreldra!
Rasmus Rohde - gitar, song
Erlend Smalås - bass, sang
Jovan Pavlovic - trekkspell
Carl Haakon Waadeland - trommer
Før konserten blir det mulig å prøvesitte i brannbilane og snakke med ein ekte brannmann! Og kanskje ein ekte Indianar? Iallefall ein ekte gitarist, om ein snakkar med Rasmus. Han har ein gitar som går på strøm.
Kl 18:00 "Såmmår tå goill" - Nypremiere!
Frostad Bygdetun kr 290,- for voksne, kr 200,- for dei under 16 år og pensjonister.
”Såmmår tå goill” jordbæroperaen, sesong 2
Libretto: Kjersti Lie
Musikk: Knut Anders Vestad
Regi: Nora Evensen
I sesong 2 møter vi Oppfinnar-Johan, Gudrid og klokkaren igjen. Det har gått ti år sidan sist. Året er 1968, eit år med mange store hendingar: Det kjem ny husmorvikar til bygda - og Harald Grønningen tek OL-gull. Ungdommane har blomster i håret og Beatles på LP - og alle feirar i ein ”Såmmår tå goill”.
Med: Julie Moe Kristensen, Ingvild J. Meland, Hans Petter Nilsen, Øyvind Brandtzæg, Gunn Mogseth, Lensvik Jordbærkor med fleire og Sgt. Johans Only Jordbær Band
Ta med campingstol og knottmiddel! Servering.
Følg skilting frå Lensvik sentrum. Mulighet for taxi Lensvik-Frostad – sjå under Transport.
Fredag 02. 07. 2010
Kl 12:00 Eventyrstund.
Gapahuken oppi Melandsåsen kr 70,- for barn og kr 50,- for vaksne
Det var eingong tre bukkande bruser som skulle til seters for å gjere seg feit.
Kom og høyr fleire av skattane frå Asbjørnsen & Moe sin arv!
Utendørsforestilling. Møt opp på idrettsplassen ved Lensvik skole seinast kl 11:45. Ca 10 min gange opp til gapahuken. Ta gjerne med sitteunderlag.
Med:
Ingvild J. Meland
Benjamin Ysland
Henrik J. Meland
Malin Lystad
Kl 13:30 Vaffelkonsert
Agdenes Helsesenter. Fri inngang.
Vaffelkonserten er den gamlaste tradisjonen vi har på Kibneb-festivalen. I år får du høyre Kibneb Husorkester som stiller med musikk frå Flåklypa til Bør Børson.
Agdenes Helsesenter stiller med nysteikte vafflar.
Med:
Kibneb Husorkester
Andrea Skogtrø Eggan, song
Anna Adolfsson Vestad, fiolin
Knut Anders Vestad, piano
Kl 18:00 ”Såmmår tå goill”
Frostad Bygdetun
Jordbæropera, sesong 2 (sjå torsdag 1.7.)
Kl 21:00 Julie and the new favorites
Frozen kafè og pub i sentrum av Lensvik kr 120,-
Bluegrass!!!
Julie Moe Sandø vokal
Magnus Wiik banjo/dobro/mandolin
Espen Bjarnar gitar
Aksel Jensen bass
Laurdag 03. 07. 2010
Kl 13:00 Fossajazz med Ola Kvernberg Trio.
Ingdalsfozzen. Fri inngang.
I fjor sommar kom over tusen publikummarar for å lytte på Ola Kvernberg. Ola har som vanleg høgt tempo, og fekk nyleg storskryt for sitt bestillingsverk ”Liarbird” til Trondheim Jazzfestival. Dette skal seinare i sommar til Molde Jazz. Til Ingdalsfozzen kjem han iår med sin trio og lovar eit tett og eksklusivt sett, og blir ein for varm av musikken er det berre å ta seg ein dukkert!
Swingende strenger, tøffe trommer, Terje Mosnes, Dagbladet.
Ola Kvernberg fiolin
Ole Morten Vågan bass
Erik Nylander trommer
Fri inngang. Hatten går.
Parkering. Servering ved Ingdalen Velforening.
Kl 18:00 ”Såmmår tå goill”
Frostad Bygdetun
Jordbæropera, sesong 2 (sjå torsdag 1.7.)
Kl 21:00 A Kinks Tale
Frozen kafè og pub i sentrum av Lensvik
kr 120,-
Låtene. Historiene. Om The Kinks.
A Kinks Tale gjev deg dei beste låtane og dei beste historiene frå det desidert tøffeste bandet nokonsinne. Her blir det tett og svett og høgt og duvande deilig:
You really got me………!
Hans Petter Nilsen gitar/vokal
Richard Sagen trommer
Erling Mylius bass
Kl 23:00 Ida Jenshus med band
Grønn kr 250,- Servering. Konsertstart kl 23:00
Ida Jenshus er dronninga av country etter at ho vann ”Lyden av Lørdag” i NRK. Ho fekk Spellemannsprisen for årets Countryplate i 09 og til Kibneb-festivalen kjem ho med eit spelekåt band som lengtar etter å spele for deg utover Lensviknatta...
Ida Jenshus gitar/vokal
Alexander Pettersen gitar/mandolin/munnspell/vokal
Stian Lundberg trommer
Håkon Gebhardt banjo/gitar/vokal
Kjell ”KK” Karlsen steel/dobro
Eirik Øien bass