Kjære publikum!
Velkommen til festival 2.-4. juli i Lensvik!
| Siste nytt | 29. juni 2009 kl 11:00 - Premieren på "såmmår tå goill" er utsolgt! |
Fortsatt noen billetter igjen til jordbæroperan "Såmmår tå goill" lørdag!
Informasjon om billetter: Ring 90 67 20 15 eller 99 15 72 19
Kjære publikum!
Der ingen skulle tru at nokon festival kunne bu....
Velkommen til ti-årsfeiring av Kibneb-festivalen! I ti år har vi spelt og leika, flirt og krangla, lempa og klappa, venta og smilt. Vi har lagt oss for seint og stått opp for tidleg og vi har lagt oss for tidleg og stått opp for seint. Folk har komme og folk har gått. Den lyse Lensvik-natta attmed den blåe fjorden er framleis like magisk og stunda før konsertane skal starte likeså. Alle er skjerpa og publikumsvertane seier noko artig slik at folk skrattar, og så er det inn på scena, bukke, smile og spele så folk smiler og kjenner at stunda er større enn nokon gong før ...
Da vi starta Kibneb-festivalen i 1999 var vi nesten åleine i festivalverda i traktene våre. Olavsfestdagane, Soddjazz og Trondheim Kammermusikkfestival var omtrent dei einaste som fanst her i Trøndelag av musikkfestivalar. No finns det mange, mange, som Storås-festivalen, Pstereo og Trondheim Jazzfestival.
Alle kjempar om det same; å bli størst mogleg, få mest mogleg publikum, mest mogleg presse, og at budsjetta skal gå i hop. Kibneb-festivalen har heile tida prøvd å vere ein liten festival. Det er ikkje slik at sjokoladen smakar ti gonger betre om konfekteska er ein kvadratmeter stor. Det er ikkje slik at maten smakar betre om restauranten har hundreogtjue rettar på menyen. Vi har heile tida prøvd å la kvaliteten, musikken og prosjekta stå i front, ikkje alle moglege ”Billettkioskveltarar” som turnerer frå festival til festival.
Det er ekstra artig å kunne ønskje velkommen til urpremière på ein splitter ny episode av jordbæroperaen! Handlinga i ”Såmmår tå goill” er lagd til 1968: Harald Grønningen er i ferd med å gå i mål til sitt første OL-gull i Grenoble, heile bygda er samla rundt fjernsynsapparatet til Oppfinnar-Johan, ingen har enno landa på månen, The Beatles lagar framleis songar, Woodstock har enno ikkje vore, og midt opp i alt dette møter vi Gudrid, Liv, Arve og klokkaren som feirar i kjærleik i ein ”Såmmår tå goill”.
Jubileumsmenyen vil elles vere samansett av kjende rettar som ”Vaffelkonserten”, ”Fossajazz” og to festkveldar på ”GRØNN”. På Gnuttu får vi besøk av det svenske bluegrassbandet ”The Blue Mountain Boys”, og Ola Kvernberg kjem og jammar i Ingdalsfozzen. Fredag blir det ABBA-kveld på GRØNN, og heile festivalen blir avslutta med ein galla i kjend stil der artistane syng sine kjærleikssongar i kjærleik ut i den lyse Lensvik-natta ...!
Knut Anders Vestad
Festivalsjef
Styret i stiftelsen Kibneb-festivalen:
Knut Anders Vestad, Daniel Fosstvedt, Mari Johanne Selnes, Gunn Mogseth og Ingrid Haavde Strand.